Skip to main content Start of main content

Det leiande Linux-skrivebordet

Eit vakkert skrivebord av høg kvalitet, bygd på den nyaste teknologien med open kjeldekode. Påliteleg, kraftig, og enkelt.

Kvifor Fedora Workstation?

  • Påliteleg

    Kvar versjon vert oppdatert i omtrent 13 månader, og det er raskt og enkelt å oppgradera mellom versjonane.


  • Fri og privat

    Med Fedora er skrivebordet ditt ditt eige. Det er gratis, det er ingen annonsar, og dataa dine høyrer til deg.


  • Vakkert

    Workstation er nøye utvald for å gje ei oppleving av høg kvalitet. Skrivebordet er reint og ryddig.


  • Fortrudd

    Utvikla i samarbeid med oppstraumsprosjekt. Grundig testa. Støtta av Red Hat.


  • Leiande teknologi

    Bygd på dei nyaste teknologiane og forbetringane som open kjeldekode har å tilby.


  • Få mest mogleg ut av eininga di

    Fedora samarbeider med maskinvareleverandørar for å sikra utmerkt maskinvarestøtte for ei rekkje ulike einingar.


Funksjonar for alle

Fantastiske appar

Fedora tilbyr ei fantastisk samling av appar som dekkjer alle behov. Du kan enkelt installera dei aller beste skrivebordsprogramma ved å klikka på ein knapp frå Fedoras programvarelager, Flathub, eller andre stadar.

Workstation snakkar språket ditt

Takka vera eit globalt fellesskap av omsetjarar er Workstation tilgjengeleg på mange språk.

Skru ned ljoset

Slå på ein brytar for å slå på mørk modus og gje auga ein pause. Eller bruk nattljos for å redusera gjenskinn frå skjermen og hjelpa deg med å sova.

Online kontointegrasjon

Eventuelt kan du ogso taka med deg kalenderen, kontaktane, og dataa dine på nettet til skrivebordet med nettkontoar.

Nyttig ut av eska

Fedora Workstation inneheld eit stort sett med verktøy, som klokkar, vêr og kart.

Flott for utviklarar

Virtualisering gjord enkelt

Boxes gjer det enklare å bruka virtuelle maskiner. Berre vel operativsystemet du vil installera, so gjer appen resten.

Produktivitetsaukande skrivebordsfunksjonar

Bruk ytingsmodus for å auka maskinvarefarten når du treng det. Slå av varsel med ikkje-forstyrr-modus. Trykk på Super-knappen, og berre skriv for å søkja etter det du treng.

Konteinarar klare til bruk

Bruk dei nyaste konteinarverktøya frå Red Hat-økosystemet. Ingen oppsett krevst. Få tilgang til Red Hat-konteinarregisteret.

Alle pakkane utviklarar treng

Alle pakkane, verktøya, og køyreomgjevnadar du måtte trenga, oppdaterte og klare til bruk med berre éin enkelt kommando.

Kom i gang med å utvikla med Fedora Workstation

  • Rettleiingar om utvikling og distribusjon av applikasjonar ved hjelp av Fedora Workstation


  • Enkel installasjon, oppdatering og administrasjon av programvarepakkar


  • Høgeffektive verktøy for å oppretta, køyra, og administrera konteinarar


Bygd av dykk

Fedora Workstation er resultatet av arbeid som er gjort i heile Fedora-prosjektet, og alle er velkomne til å delta. Viss du vil vita meir om korleis avgjerder om Workstation vert tekne, kan du gå til Fedora Workstation Working Group-sidene.

Prøv det no.

Last ned no