Fleire Python-versjonar
Fleire implementeringar av programmeringsspråket Python, inkludert dei nyaste versjonane av CPython og PyPy
Ein av fordelane med Fedora for Python-utviklarar er at det er lett å setja opp Python-utvikling. Fedora Python Classroom-laben gjer det endå enklare for lærarar og instruktørar å bruka Fedora i klasserom eller workshops. Operativsystemet er klart til bruk med viktige ting førehandsinstallert — anten med GNOME eller som eit headless-miljø for Docker eller Vagrant. Undervis i Python på Fedora, med Fedora, ved hjelp av dei tinga du elskar: IPython, Jupyter Notebook, fleire Python versjonar, virtualenvs, tox, git, og meir.
Fedora Python Classroom Lab kjem i tre variantar. Anten kan du køyra han i grafisk modus med GNOME, eller du kan virtualisere han med Vagrant eller køyra han i ein Docker-konteinar. Du vel sjølv kva som passar best til undervisningsmiljøet ditt.
Fleire implementeringar av programmeringsspråket Python, inkludert dei nyaste versjonane av CPython og PyPy
Alt du treng for å læra eller undervisa i vitskap i Python, inkludert SciPy
Eit forbetra interaktivt Python-skal
Eit nettbasert notatbokmiljø for interaktiv databehandling og visualisering
Populært versjonskontrollsystem
virtualenv administrasjons- og testhandteringskommandolinjeverktøy
Opprett isolerte python-miljøer
Ein enkel Python-redigerar for nybyrjarar
Pythons integrerte utviklings- og læringsmiljø
LANSERINGSDATO: tysdag 29. oktober 2024
For Intel og AMD x86_64 system
Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.
Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.
Klikk på stadfest-knappen for å lasta ned sjekksumfila for det nedlasta biletet.
Importer Fedoras GPG-nykel(ar)
curl -O https://fedoraproject.org/fedora.gpg
Du kan verifisera detaljane i GPG-nykelen/ane her.
Verifiser at sjekksumfila er gyldig
gpgv --keyring ./fedora.gpg Fedora-Labs-41-1.4-*-CHECKSUM
Sjekk at sjekksummen samsvarer
sha256sum -c Fedora-Labs-41-1.4-*-CHECKSUM
Viss det står at fila er gyldig, so er den klar til bruk!
Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.