Skip to main content Start of main content

Fedora KDE Plasma-skrivebordet

Fedora KDE Plasma-skrivebordsvarianten er eit kraftig Fedora-basert operativsystem som nyttar KDE Plasma Desktop som hovudbrukargrensesnitt.

Fedora KDE Plasma Desktop vert levert med mange førehandsutvalde kvalitetsapplikasjonar som passar til alle moderne bruksområde på skrivebordet — frå nettbasert kommunikasjon som surfing på nettet, direktemeldingar, og e-postkorrespondanse, til multimedia og underhaldning, til ein avansert produktivitetspakke med kontorapplikasjonar og personleg informasjonsbehandling i bedriftsklasse.

Alle KDE-applikasjonane er velintegrerte, har same utsjånad og eit brukarvenleg grensesnitt, og dei har ein eineståande grafisk utsjånad.

Kopla på nett

Firefox

Den populære og gratis nettlesaren støtta av Mozilla, ein ideell organisasjon som arbeider for internetthelse og personvern.

Kontact

Den integrerte personlege informasjonshandsamaren i KDE Plasma Desktop. Kontact-pakken samlar modne og velprøvde KDE PIM-program i eitt brukarvenleg program.

Telepathy

Hald kontakten med venar og kollegaer ved hjelp av Telepathy Instant Messaging-klienten. Den støttar alle vanlege IM-protokollar.

KTorrent & KGet

Er du ein nedlaster? Bruk KTorrent eller KGet for å få nye versjonar av Fedora KDE Plasma-skrivebordsvarianten!

Verktøy

Dolphin

Dolphin er ein filutforskar som lèt deg navigera og bla gjennom innhaldet på harddiskar, USB-minnepinnar, SD-kort og mykje meir. Det er lett og raskt å oppretta, flytta, eller slette filer og mapper.

Ark

Ark er eit grafisk filkomprimerings- og dekomprimeringsverktøy med støtte for fleire format, inkludert tek, gzip, bzip2, rar og zip, og dessutan CD-ROM-bilete. Ark kan brukast til å bla gjennom, trekkja ut, oppretta og endra arkiv.

Kontor- og produktivitetspakke

LibreOffice

LibreOffice er ein gratis og kraftig kontorpakke. Det reine grensesnittet og dei funksjonsrike verktøya hjelper deg med å sleppa kreativiteten laus og auka produktiviteten.

Okular

Okular er ein universell dokumentviser som kombinerer utmerkte funksjonar med allsidigheita til å støtta ulike typar dokument, som PDF, Postscript, DjVu, CHM, XPS, ePub og andre.

Multimedia

Elisa

Ein enkel musikkspelar som skal vera lett å bruka. Den krev ingen konfigurasjon før ein kan bruka han.

Dragon Player

Ein multimediespelar der fokuset ligg på enkelheit i staden for funksjonar. Dragon Players enkel grensesnitt er designa for ikkje å vera i vegen, men i staden gje deg høvet til å spela av multimediefiler.

K3B

K3B gjer det enkelt å taka tryggingskopi av multimediefiler, sidan det er ei komplett programvare for CD/DVD-skriving. K3B støttar skriving av data-CD-ar/DVD-ar, ljod-CD-ar, video-CD-ar, DVD-ar, kopiering, CD-ripping og mykje meir.

Gwenview

Gwenview kan lasta inn og lagra i ei rekkje ulike biletformat, til dømes PNG og JPEG. Det enkle grensesnittet er ikkje i vegen, og lèt deg raskt og enkelt sjå på bileta dine.

Utdanning

Marble

Marble er ein virtuell globus og eit verdsatlas på datamaskina di. Du kan læra mykje om jorda, eller du kan berre nyta virtuelle turar rundt på planeten vår.

Parley

Parley er eit ordtilfangtreningsprogram som hjelper deg med å hugsa ting ved virtuelle flashcards. Det gjev deg eit rikt sett med verktøy for å administrera kortsetta dine.

Kiten

Kiten er eit japansk ordbokprogram og eit oppslagsverk i japansk. Den inneheld eit kanji-oppslagsverktøy og eit surfegrensesnitt.

Kalzium

Kalzium lèt deg utforska periodesystemet. Programmet har ein 3D-molekylredigerar og dessutan fleire simulatorar og kalkulatorar.

Prøv det no.

Last ned no