![](/assets/images/spins/sylpheed.png)
Sylpheed
Sylpheed er ein enkel, lett, men funksjonsrik og brukarvenleg e-postklient.
LXDE, «Lightweight X11 Desktop Environment», er eit ekstremt raskt, ytingssterkt og energibesparende skrivebordsmiljø. Det vert vedlikehalde av eit internasjonalt fellesskap av utviklarar og vert levert med eit vakkert grensesnitt, fleirspråkleg støtte, standard tastatursnarvegar og tilleggsfunksjonar som t.d. fanebladbasert filutforsking.
LXDE er ikkje designa for å vera kraftig og oppblåst, men for å vera brukarvenleg og slank. Eit av hovudmåla med LXDE er å halda ressursbruken til datamaskina låg. Det er spesielt utvikla for datamaskiner med låge maskinvarespesifikasjonar, som netbooks, mobile einingar (t.d. MID-ar) eller eldre datamaskiner.
Sylpheed er ein enkel, lett, men funksjonsrik og brukarvenleg e-postklient.
Ein lettvekts og fullverdig nettlesar som brukar GTK+2 og WebKit. Surf på nettet raskt og enkelt.
Universell meldingsklient. Kommuniser med heile verda via IRC, AIM, MSN, Yahoo og andre direktemeldingssystem.
Er du ein nedlaster? Bruk Transmission for å få nye versjonar av Fedora LXDE-skrivebordet!
Fedora LXDE-skrivebordet vert levert med ein terminal, inngangsporten til den verkelege krafta i alle UNIX/linux-maskin, kalla LXTerminal.
ObConf installerer enkelt nye tema som brukar .obt Openbox-temaarkivformatet for distribusjon.
Rask og fullverdig tekstbehandling på ein enkel måte.
Osmo er ein praktisk personleg kalender, som inneheld kalender, oppgåvebehandling, adressebok, og notatmodular.
LXMusic er ein minimalistisk musikkspelar for LXDE. Han er basert på XMMS2, som er lett og har eit server/klient-design.
GPicView er standard biletframvisar i LXDE. GPicView har lynrask oppstart og eit intuitivt grensesnitt.
ASunder er ein grafisk Audio CD-ripper og -kodar. Du kan bruka han til å lagra spor frå ein ljod-CD som WAV-, MP3-, OGG-, FLAC-, Opus-, WavPack-, Musepack-, AAC-, og Monkey's Audio-filer.