Skip to main content Start of main content

Fedora Sway Atomic

Fedora Sway Atomic tilbyr den populære Sway rutebasert-vindaugehandsamaren på ein atomisk måte. Han gjer Sway tilgjengeleg og tiltalande for både nybyrjarar og avanserte brukarar som føretrekkjer å ikkje bruka mus, peikeplate, eller anna peikeeining for å samhandla med omgjevnadane. Fedora Sway Atomic inneheld lettvektapplikasjonar for nettsurfing, tekstredigering, og medieavspeling, og tilbyr ei komplett oppleving med eit minimalistisk brukargrensesnitt.

Bygd på toppen av dei beste

Sway WM

Den svært tilpassingsdyktige Wayland-vindaugehandsamaren Sway er perfekt for arbeidsflytar med tastaturet fyrst.

rpm-ostree

rpm-ostree er eit hybrid bilete/pakkesystem. Det kombinerer libostree og libdnf for å tilby atomiske og sikra oppgraderingar med lokal RPM-pakkelagdeling.

Applikasjonar som Flatpakar

Last ned tusenvis av open kjeldekode- og proprietære, konteineriserte applikasjonar takka vera Flatpak.

Podman for utvikling

Podman er ein daemonfri konteinarmotor for utvikling, administrasjon, og køyring av Open Container Initiative (OCI)-konteinarar og konteinarbilete på Linux-systemet ditt.

Fedoras fellesskap og støtte

Fedora skaper ein innovativ, gratis og open kjeldekodeplattform for maskinvare, skyer, og konteinarar som gjer det mogleg for programvareutviklarar og medlemar av fellesskapet å byggja skreddarsydde løysingar for brukarane sine.

Kopla på nett

Firefox

Den populære og gratis nettlesaren støtta av Mozilla, ein ideell organisasjon som arbeider for internetthelse og personvern.

NetworkManager-appleten

Berre eit klikk, og du er kopla til den trådlause LAN-ruteren din, eller på nett ved mange 3G-mobilbreibandskort som vert støtta.

nmcli

CLI-applikasjon for å kontrollera NetworkManager-konfigurasjonen. Det gjev deg same moglegheiter som nm-appletten, men i terminalen.

Konfigurasjon

foot

Foot er ein rask, lett, og minimalistisk Wayland-terminalemulator.

light

light får og stiller inn ljosstyrken på bakgrunnsbelysninga til skjermen på Linux.

imv

imv er ein kommandolinje-biletframvisar berekna for bruk med rutebaserte vindaugehandsamar.

Verktøy

swaylock

Enkel skjermlåser.

waybar

Mykje tilpassingsdyktig Wayland-felt for Sway- og Wlroots-baserte komposisjonssamhandlarar.

rofi

Ein vindaugsvekslar, programstartar, og erstatning for dmenu.

dunst

Svært konfigurerleg og lettvekts varslingsdaemon.

kanshi

Eit verktøy for dynamisk skjermkonfigurasjon.

Thunar

Filutforskar for Linux og andre Unix-liknande system.

Relaterte prosjekt

Eit atomisk skrivebordsoperativsystem med det moderne og elegante GNOME-skrivebordet

Eit atomisk skrivebordsoperativsystem med det moderne og modulære Plasma Desktop

Eit atomisk skrivebordsoperativsystem med den tastaturstyrte Sway-vindaugehandsamaren.

Fedora Budgie Atomic leverer det populære Budgie-skrivebordsmiljøet på ein atomisk måte.

Fedora CoreOS er eit automatisk oppdaterande, minimalt, monolittisk, konteinarfokusert operativsystem som er utvikla for klyngjer, men som òg kan brukast frittståande, og som er optimalisert for Kubernetes, men som ogso fungerer utmerkt utan.

Fedora IoT er ein konteinarbasert vert som køyrer på maskinvara di, med fokus på distribusjon av kant-einingar.

Prøv det no.

Last ned no