Skip to main content Start of main content

Last ned Fedora Workstation 41

Me er so glade for at du har bestemt deg for å prøva Fedora Workstation. Me veit at du kjem til å elska det.

LANSERINGSDATO: tysdag 29. oktober 2024

Fedora Media Writer

Kom i gang ved å bruka Fedora Media Writer, som gjer det superenkelt å prøva Fedora. Lær meir

Fedora Media WriterWindows and Mac

Fedora Media WriterLinux

Vil du berre ha ei ISO-fil?

Er du usikker på korleis du brukar desse filene? Lær her

For Intel og AMD x86_64 system

Fedora Workstation 41Live ISOiso

For ARM® aarch64 system

Fedora Workstation 41Rawraw.xz

For Power ppc64le system

Fedora Workstation 41Live ISOiso

Men vent! Det er meir.

Treng du noko litt annleis? Ta ein titt på dei andre nedlastingane våre nedanfor, med alternative arkitekturar, torrentar, og nettverksbaserte installasjonsbilete.

Andre nedlastingar

Me tek tryggleik seriøst

Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.

Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.

Klikk knappen for å få skreddarsydde instruksjonar for nedlastinga di.

Berbare datamaskiner førehandsinstallerte med Fedora

Me har inngått samarbeid med selskap som Lenovo for å gje dykk berbare datamaskiner som er førehandsinstallerte med Fedora, og som inkluderer maskinvarekomponentar med full støtte.

Utforsk Fedora berbare datamaskiner

Lær meir om Fedora Media Writer

Det er enklare enn nokosinne å komma i gang med Fedora. Alt du treng er ein USB-minnepinne på 2 GB og Fedora Media Writer. Når Fedora Media Writer er installert, vert minnepinnen konfigurert til å køyra ein «Live»-versjon av Fedora Workstation, noko som tyder at du kan starta den frå minnepinnen og prøva han med ein gong utan å gjera nokre permanente endringar på datamaskina di. Når du er tilkopla, er det berre å klikka på nokre få knappar* for å installera det på harddisken.

* Fedora krev minst 20 GB diskplass og 2 GB RAM for å kunna installerast og køyrast. Det dobbelte av desse mengdene vert tilrådd.

Vert ein Fedora-bidragsytar

Når du har installert Fedora og er i gang, kvifor ikkje vert med og bidra i eit av nettfellesskapa våre?

Offisielt støtta Fedora-fellesskapsområde

Fellesskapsvedlikehaldne område

Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.