Skip to main content Start of main content

Fedora Security-lab

Fedora Security-laben tilbyr eit trygt testmiljø der ein kan jobba med tryggingsrevisjon, kriminalteknikk, systemredning, og undervising i tryggingstestmetodar på universitet og i andre organisasjonar.

Spinnet vert vedlikehalde av eit fellesskap av tryggingstestarar og utviklarar. Den vert levert med det reine og raske Xfce-skrivebordsmiljøet og ein tilpassa meny som inneheld alle instrumenta som trengst for å fylgja ein rett testbane for tryggingstesting eller for å redda eit øydelagt system. Live-biletet er utforma slik at det er mogleg å installera programvare medan det køyrer, og viss du køyrer det frå ein USB-pinne som er oppretta med LiveUSB Creator ved hjelp av overleggsfunksjonen, kan du installera og oppdatera programvare og lagra testresultata dine permanent.

Utvalde applikasjonar

Etherape

EtherApe er ein grafisk nettverksmonitor for UNIX, moddelert etter etherman. Han viser nettverksaktivitet grafisk.

Ettercap

Ettercap er ein omfattande pakke for «mann i midten»-angrep.

Medusa

Medusa er meint å vera ein rask, massivt parallell, modulær, råstyrkeinnloggar.

Nmap

Nmap er eit gratis verktøy med open kjeldekode for nettverksoppdaging og tryggingsovervaking.

Scap-arbeidsbenk

Eit GUI-verktøy som fungerer som ein SCAP-skannar og tilbyr skreddarsydd funksjonalitet for SCAP-innhald.

Skipfish

Skipfish er eit aktivt verktøy for rekognosering av webapplikasjonar.

Sqlninja

Eit verktøy for å testa SQL-injeksjonssårbarheiter i ein webapplikasjon som brukar Microsoft® SQL Server som bakende.

Wireshark

Wireshark er eit program for analyse av nettverkstrafikk for UNIX-liknande operativsystem.

Yersinia

Yersinia er eit nettverksverktøy som er utvikla for å utnytta nokre svakheiter i ulike nettverksprotokollar.

Last ned Fedora Security Lab 41

LANSERINGSDATO: tysdag 29. oktober 2024

For Intel og AMD x86_64 system

Fedora Security Lab 41Live ISOiso2.3 GiB

Ingen filer tilgjengeleg for denne versjonen.
Fedora Media Writer Icon

Fedora Media Writer

Getting started with Fedora Linux is easier than ever. All you need is a 4GB USB flash drive and the Fedora Media Writer utility.

After Fedora Media Writer is installed, you can use it to write a "Live" version of Fedora Linux to a flash drive. You will then be able to boot from your flash drive and try Fedora Linux out without making any permanent changes to your computer. Once you are hooked, transferring Fedora Linux from the flash drive to your computer's hard drive is a matter of clicking a few buttons.* Learn more

  • Most Fedora Linux variants recommend 40GB disk space and 4GB RAM to install and run. Double these amounts might yield a better experience depending on how the system is being used.

Fedora Media WriterWindows and Mac

Fedora Media WriterLinux

Me tek tryggleik seriøst

Når du har lasta ned eit bilete, hugs å stadfesta det for både tryggleik og integritet.

Ved å berekna sjekksummen til avbildinga på di eiga datamaskin og samanlikna ho med den opphavlege sjekksummen, kan du kontrollera at avbildinga ikkje har vorte tukla med eller øydelagt. Avbildingar er ogso gpg-signert med Fedora-nyklar for å demonstrera integriteten deira.

  • Klikk på stadfest-knappen for å lasta ned sjekksumfila for det nedlasta biletet.

  • Importer Fedoras GPG-nykel(ar)

                    curl -O https://fedoraproject.org/fedora.gpg
                  

    Du kan verifisera detaljane i GPG-nykelen/ane her.

  • Verifiser at sjekksumfila er gyldig

                    gpgv --keyring ./fedora.gpg Fedora-Labs-41-1.4-*-CHECKSUM
                  
  • Sjekk at sjekksummen samsvarer

                    sha256sum -c Fedora-Labs-41-1.4-*-CHECKSUM
                  

Viss det står at fila er gyldig, so er den klar til bruk!

Ved å klikka på og lasta ned Fedora, samtykkjer du i å overhalda Fedoras retningslinjer for eksportkontroll.