Skip to main content Start of main content

Felleskap

Vert med i eit fellesskap av brukarar og bidragsytarar som fokuserer på Fedora IoT.

Fedora IoT er oppretta av eit team i Fedora-prosjektets felleskap som heiter IoT Working Group. Han består av offisielle medlemar som har avgjerdsmakt, og dessutan andre bidragsytarar. Finn ut meir om denne gruppa og korleis du kan engasjera deg på nettstaden til IoT Working Groups.

Kommunikasjonskanalar

Forum

Taggen Fedora IoT på Fedoras Discourse-baserte diskusjonsforum er ein flott stad å komma i kontakt med andre Fedora IoT-brukarar og -bidragsytarar.

Chatt

Du kan chatta med Fedora IoT Working Group via anten Matrix eller IRC: #iot:fedoraproject.org på Matrix og #fedora-iot på irc.libera.chat.

Måtar å engasjera seg på

Rapportera og diskutera problem

Du kan sjå, rapportera, og diskutera Fedora IoT-problem på Fedora IoT-problemsporaren.

Delta på eit møte

IoT Working Group meetings are open to all current and potential contributors kvar onsdag at 14:00 UTC in $location (see fedocal→iot for updates).

Hendingar

Fedora har arrangement i løpet av året som du kan delta på, vanlegvis fysisk eller virtuelt, for å læra meir om Fedora Workstation og møta andre brukarar og bidragsytarar.

Den årlege konferansen for Fedora-prosjektet

Flock er Fedora-prosjektet sin årlege fleirdagars fysiske konferanse med fokus på bidragsytarane våre. Konferansen alternerer vanlegvis mellom Europa og Nord-Amerika. Konferansen er ein stad for møte og samtaler ansikt til ansikt. Det er ogso ein stad for å feira fellesskapet vårt.

Konferansen finn vanlegvis stad i august kvart år.

Den virtuelle Fedora-prosjektets konferanse

Nest er den virtuelle heime Flocken vår som har vore i gang sidan det globale utbrotet av COVID-19. Det går over tre dagar og inkluderer foredrag, workshops, hackfestar og sosiale arrangement.

Verdsomspennande og lokale Fedora-møte

Hatch er ein serie små, personlege, globale møte som vert arrangerte i vekene før Flock/Nest-konferansen, og som gjer det mogleg for fedoranarar i nærleiken av kvarandre å møtast.

Fedora Magazine er ein nettstad som inneheld promoteringsartiklar og korte rettleiingar om fri programvare og programvare med open kjeldekode som køyrer på eller fungerer saman med operativsystemet Fedora Linux.

Fellesskapsbloggen er ei felles kjelde for medlemar av fellesskapet til å dela viktige nyheiter, oppdateringar, og informasjon om Fedora med andre i prosjektfellesskapet.