Skip to main content Start of main content

Felleskap

Vert med i eit fellesskap av brukarar og bidragsytarar som fokuserer på Fedora Kinoite.

Fedora Kinoite vert vedlikehalde av KDEs spesielle interessegruppe (SIG) i Fedora og er resultatet av eit samarbeid mellom Fedora- og KDE-fellesskapet.

KDE SIG er eit ope fellesskap som søkjer bidragsytarar frå alle stadar, og av alle typar. Frå dokumentasjonsskriving til betatesting, til å hjelpa andre ved å svara på spørsmål, det er mange måtar å engasjera seg på og bidra til å forma framtida til Kinoite!

KDE-fellesskapet lagar programvara, og dei har ogso ein vert involvert side med mykje nyttig informasjon om korleis du kan hjelpa til.

Kommunikasjonskanalar

Forum

Taggen Fedora Kinoite på Fedoras Discourse-baserte diskusjonsforum er ein flott stad å komma i kontakt med andre Fedora Kinoite-brukarar og bidragsytarar.

Chatt

Du kan chatta med Fedora Kinoite-fellesskapet via anten Matrix eller IRC: #kinoite:fedoraproject.org på Matrix eller #kinoite på irc.libera.chat.

Måtar å engasjera seg på

Utviklarar

Fedora Kinoite vert drive av nokre fantastiske open kjeldekode-prosjekt, inkludert ostree, rpm-ostree, og flatpak. Viss du er utviklar, bør du gjerne vurdera å hjelpa til med eit av desse prosjekta.

Forfattarar

Fedora Kinoite nyttar seg av interessant, banebrytande teknologi, og me treng å fortelja fleire om det! Viss du er ein ivrig skribent, kan du bidra til Fedora Kinoite-dokumentasjonen for å hjelpa andre med å læra korleis systemet deira fungerer, og alle dei kule tinga dei kan gjera med det.

Testarar

Har du funne noko som ikkje er heilt rett? Vil du foreslå ei endring i måten Kinoite fungerer på? Me vil gjerne høyra frå deg! Gå over til KDE SIGs problemsporingsside og gje oss beskjed.

Hendingar

Fedora har arrangement i løpet av året som du kan delta på, vanlegvis fysisk eller virtuelt, for å læra meir om Fedora Workstation og møta andre brukarar og bidragsytarar.

Den årlege konferansen for Fedora-prosjektet

Flock er Fedora-prosjektet sin årlege fleirdagars fysiske konferanse med fokus på bidragsytarane våre. Konferansen alternerer vanlegvis mellom Europa og Nord-Amerika. Konferansen er ein stad for møte og samtaler ansikt til ansikt. Det er ogso ein stad for å feira fellesskapet vårt.

Konferansen finn vanlegvis stad i august kvart år.

Den virtuelle Fedora-prosjektets konferanse

Nest er den virtuelle heime Flocken vår som har vore i gang sidan det globale utbrotet av COVID-19. Det går over tre dagar og inkluderer foredrag, workshops, hackfestar og sosiale arrangement.

Verdsomspennande og lokale Fedora-møte

Hatch er ein serie små, personlege, globale møte som vert arrangerte i vekene før Flock/Nest-konferansen, og som gjer det mogleg for fedoranarar i nærleiken av kvarandre å møtast.

Fedora Magazine er ein nettstad som inneheld promoteringsartiklar og korte rettleiingar om fri programvare og programvare med open kjeldekode som køyrer på eller fungerer saman med operativsystemet Fedora Linux.

Fellesskapsbloggen er ei felles kjelde for medlemar av fellesskapet til å dela viktige nyheiter, oppdateringar, og informasjon om Fedora med andre i prosjektfellesskapet.